05-09-2005

Eisini bíðilistar í Norra

Úr avisen Nationen

25.000 i kø for kulturskole
Meir enn 25.000 skoleelevar står no i kø for å kome inn på kommunale kulturskolar.

Av: Janne Grete Aspen




Norsk Kulturskoleråd er i ferd med å sy saman ei oversikt over status i norske musikk- og kulturskolar.

Med tal frå 291 av dei 410 medlemskommunane på plass i reknearket, viser det seg altså at køa dette skoleåret er på iallfall 25.000 elevar.

Harry Rishaug, direktør i kulturskolerådet seier at det er rimeleg å trur at talet er opp mot 30.000.

Betalinga styrer
Han meiner også at det ser ut til at kommunar med låg foreldrebetaling har lengre ventelister enn kommunane med høgare foreldrebetaling.

Det som er heilt sikkert om norsk kulturskole, er at både tilbod og kostnad sprikar veldig frå kommune til kommune.

Før var lovpålagt maksimalpris på 1600 kroner. Men alle kommunar har ikkje nytta seg av frisleppet. Så langt ser det ut til at 39 av kommunane prioriterer kulturskolen så høgt at betalinga ligg under den tidlegare maksgrensa.

61 av dei registrerte kommunane har over 2000 kroner i foreldrebetaling for kvar elev, mange av dei ligg godt over 3000 kroner for tilbodet.

Stjerneeksempel
Harry Rishaug er bekymra over dei store skilnadene mellom kommunane. På kvar sin ende av lista ligg Kåfjord i Nord-Troms og Gjerdrum i Akershus.

I Kåfjord/Gáivuona kostar det 800 kroner å ha ein elev i kulturskolen.

Liv Mæsel Rundberg, rektor i kulturskolen og organist i Kåfjord kyrkje, fortel at det har vore endå billegare. Ei tid var det til og med gratis å nytte seg av kulturskolen i kommunen.

– Det har vore ein kongstanke hos meg at kulturskole skal vere eit tilbod til alle, ikkje berre dei med god råd, seier Mæsel Rundberg.

Ho finn det litt vanskeleg å rekne eksakt elevtal, men ei oppsummering viser at om lag 80 elevar får einskildundervisning. Kulturskolen står dessutan bak musikkgrupper i fire barnehagar, og leverer dirigent til to store barnekor, korps og vaksenkor. For i Kåfjord er kulturskolen til for alle.

– Vi har heilt sidan 1979 sagt at vi skulle vere eit tilbod også for vaksne. Det er mange vaksne som har hatt eit glødande ønskje om å lære seg så spele eit instrument, utan ha fått høve til det.

– Finst det ventelister?

– Vi manglar gitarlærar og lærar på fotoverkstaden, så til saman står det kanskje 20 personar i kø.

Mæsel Rundberg legg ikkje skjul på at det har kosta ein del kamp få kulturskolen dit den er i dag. Men no har kulturskolen fått høg status og møter politisk velvilje.

– Kva hadde skjedd om Kåfjord hadde auka foreldrebetalinga til over 3000 kroner?

– Det hadde blitt store reaksjonar, folk er ikkje vande med at det skal koste så mykje. Mange hadde nok hatt råd til å betale 3000 for undervisninga, men eg er ikkje sikker på om dei hadde prioritert det. Men eit tilbod kan bli for billeg også, slik at det ikkje blir lagt merke til, seier rektor i kulturskolen i Kåfjord.

Kostbar topp
På den andre enden av skalaen for foreldrebetaling i kulturskolen ligg Gjerdrum kommune i Akershus. Frå nyttår auka dei foreldrebetalinga til 3500 kroner i året for ein elevplass i song, gitar eller piano. Før nyttår kosta same plassen 2000 kroner i året, og havåret før det igjen 1600 kroner.

Jorunn Aasen Devold er rekto på Gjerdrum kultur- og musikkskole.

Ho meiner utviklinga i kommunen dels skuldast dårleg økonomi, dels at det er ulikt syn på kven som skal betale for denne type tilbod til skoleelevar.

I dag er det mellom 180 og 185 elevar i kulturskolen. Det er ingen søskenmoderasjon.

– Etter siste budsjettkuttet var alternativet anten søskenmoderasjon og kutt i tilbodet, eller ingen søskenmoderasjon. Dermed vart søskenmoderasjonen borte, seier Aasen Devold.

Ho har ikkje eksakt tal på kor mange som i dag står på venteliste.

– Men vi fekk ein del utmeldingar før jul, då vi varsla dei ny prisane, seier Aasen Devold.